Big Men Bluesband

Bluescruise med Big Men Bluesband er ein av Tysnesfests stoltaste tradisjonar.

MS «Midthordland» tar deg med på ei musikalsk reise i vår vakre skjærgård. Om bord kan du nyta heftige bluestonar og leska strupen med noko godt

Big Men Bluesband vart etablert hausten 2003, men av fysiske grunnar vart namnet endra etter kort tid. Dei har sjølv uttalt at dei er bandet med klart mest «tyngde» i norsk blues. Medlemmane er alle ihuga bluesentusiastar og spelar med stor iver og innleving.

Fleire bluesklubbar har teke vel imot Big Man Blues Band igjen og igjen gjennom åra.

Big Men Bluesband har spela konsert på Tysnesfest i så mange år at me kunne ikkje bryta tradisjonen i år heller!

Big Men Bluesband skal spele på to bluescruise laurdag 13. juli.