Bigbang

Årets artist til Tysnessåto er BIGBANG! Welcome «To the Mountains»

Øystein Greni og hans Bigbang er utan tvil eit av dei største livebanda me har i Norge.
Det blir ikkje mange moglegheiter til å sjå Bigbang på scena i 2018, men her på Tysnes byr me faktisk på to konsertar. Bandet blir årets artist på Tysnessåto, og seinare på dagen kan du sjå dei på scena på Gjerstad.
På Tysnessåto har me hatt artistar som Oslo Ess, Lars Vaular, Sondre Justad og det heile vart toppa med meir enn 2400 publikummarar under Sivert Høyem sin konsert i 2017.
Me gler oss enormt te å ta imot Bigbang 753moh.

 

Bigbang starta opp i 1992 med debutalbumet «Waxed». Dei er kanskje mest kjend for låta «Girl in Oslo», men «Wild Bird», «Long Distance Man» og «To the Mountains» er og eksempel på klassikarar som det norske folk har trykka til sitt bryst.
For mange er Bigbang sjølve symbolet på norsk rock, og dei leverer alltid 100% på scena.