11. – 14. Juli

BROILER

 

Broiler til Tysnesfest 2022!

Broiler har vore på Tysnesfest før. Begge gongane har både publikum og frivillige tatt heilt av, for er det noko denne gjengen kan er det å laga ekstreme sceneshow!

 Få kunne nok sjå føre seg den enorme veksten i popularitet som Simen Auke og Mikkel Christiansen aka Broiler har oppnådd på kort tid. På berre nokre år – og meir enn 400 millionar Spotify-streams seinare har dei transformert frå litt ukjende YouTube personlegheiter til ein svært etablert og suksessfull DJ/Produsent-duo.

Dei tok for alvor steget inn i ein meir seriøs del av musikk-sfæra i 2015 då låten deira «Wild Eyes» inntok hitlistene i Norge, Danmark og Belgia. Når dei og remixa låten «Shots», tok det verkeleg heilt av.

Broiler har befesta sin posisjon som ein av dei mest talentfulle produsentane i Noreg, men dei kviler ikkje på laurbæra av den grunn, og gjev ut platinum-singel etter platinum-singel. Hittane «Money», «Lay it On Me», «Hurts So Good» og «Do it» er faste innslag på klubbar i heile Europa.

BROILER sitt show er fredag 8. juli 2022!