Dagny

Dagny har den siste tida etablert seg som ein av Noregs store popyndlingar. Med låtar som «Backbeat», «Fools Gold» og «Wearing nothing» har ho klatra raskt oppover hitlistane.
Ho hadde stor suksess med debusingelen «Backbeat». I mai 2017 blei den faktisk spelt på  den amerikanske TV-serien «Grey’s anatomy», i episoden «True Colors».
27-åringen frå Tromsø var i fjor nominert til Spellemansprisen i kategoriane Årets nykommer og Årets låt.
I desember kåra det anerkjende musikkmagasinet Billboard låta hennar «Love you like that» til verdas 79. beste låt i 2017. Bak seg på lista hadde Dagny kjente namn som The Killers, Lady Gaga og Justin Bieber!
I februar legg Dagny ut på Noregsturne, og laurdag 14. juli har me gleda av å sjå Noregs store popkomet på Gjerstad arena. Det blir garantert eit høgdepunkt!