Daniel Kvammen

Etter eit eventyrlig debutår i 2015, der debutalbumet «Fremad i alle retninga» og monsterhiten «Du fortenar ein som meg» sette Daniel Kvammen for alvor på det norske musikk-kartet, er det no klart for meir Kvammen. Med eit hundretal konsertar i heile Norge, deriblant utselde klubbkonsertar og kritikarrosa konsertar på Øyafestivalen, Slottsfjell, by:Larm, Pstereo og ein rad andre festivalar, har Kvammen og hans fantastiske band opparbeida seg eit svært så solid rykte. Fyrste smakebit på Kvammens kommande album var singelen «Me dansar ikkje for moro skyld», som blei Ukas låt av NRK P3 og samtidig også lista på NRK P13. Kvammen og produsent Even Ormestad har kokt i hop eit herleg brygg på albumet «Vektlaus», kor ”soundet” har tatt ein meir elektronisk retning enn på debutalbumet. Kritikarane har hylla plata opp i skyene, med femmarar og seksarar over heile linja.

Fredag 14. juli er Kvammen klar for Gjerstad arena.