D.D.E

D.D.E kjem til Tysnesfest!

Eit av Noregs mest folkekjære band kjem tilbake til Tysnesfest i 2019. Dei går på scena torsdag 11. juli, og me kan lova at «her bli det liv – RAI RAI»!

2018 blei eit særs tungt år for D.D.E. Låtskrivar og bandmedlem Frode Viken gjekk bort i mars, dagen etter han fylte 63 år. Mange trudde dette ville bli slutten for det populære bandet, men dei tok feil. Trønderane gjennomførte heile den planlagde sommarturneen til 20 i stil. På to og ein halv månad selte dei 100.000 billettar!

Det er klart dette gav meirsmak, så no er Bjarne Brøndbo & co. klare for nok ein sommar på landevegen.

På Gjerstad arena blir det gjenhøyr med alle dei store slagerane: «Det går likar no», «Vinsjan på kaia», «Vi ska fæst», «Rai-rai» og ikkje minst «Det fine vi hadd’ sammen», som blei spelt om att og om att etter Frode Vikens alt for tidlege bortgang.

D.D.E. debuterte allereie i 1992, og i 2002 var dei det fyrste norskspråklege bandet som fylte Oslo Spektrum.

Namsosgjengen har vore på Tysnesfest tidlegare. Men dette er eit band verken me eller vårt trofaste publikum går leie av, så no er me glade for at dei kjem tilbake.