De Musikalske Dvergene

Det er ei stor glede å endeleg kunne ønske De Musikalske Dvergene velkommen til Tysnesfest!

Dvergene blei starta så langt tilbake som i 1980. Dei hadde følgjande enkle motto og programerklæring: Garantert ambisjonslaus rock!

Namnet var eit sjølvironisk og muntert spark til dei hardtslåande namnane andre grupper på denne tiden smykket seg med. Dei fleste av desse andre banda er no forsvunne, nokre har gjenoppstått, men De Musikalske Dvergene har vore her heile tida.

Dei fem karane hadde ei usvikeleg tru på at hvis dei laga songar om vanlege ting, og song slik dei snakka, så ville folk skjøne kva dei snakka om.

 De Musikalske Dvergene har hardnakka halde fram med å levere ein stadig større samling sorgmuntre og sjølvironiske songar om kvardagslege ting. Songar som passer til små og store konserter, som allsong på vorspiel, fest og nachspiel, eller som lydspor til oppvasken. Det er nok å nemne «Torsdagsfisken», «Marianne (Tempo Corvette)», «Tomgodsets dronning» og «Faen ikkje løst te gå hem».

DMD består i dag av Helge Grønhaug (gitar og song), Arne Grønhaug (sologitar og kor), Erling Hjertnes (bass og kor), Tom Harry Halvorsen (tangentar, trekkspel, munnspel og kor) og Willy Korneliussen (trommar).