DeLillos

Endeleg «Neste sommer» på Tysnes!

dl_peilingpaseiling1Me har hatt ein draum om dette i ti år: Endeleg passa det for DeLillos å koma til Tysnesfest!
«Hjernen er alene», «Min beibi dro av sted», «Tøff i pyjamas», «Suser av gårde alle mann» og «Neste sommer». Få norske band har levert så mange hits til det norske folk opp gjennom åra. I juli kan du sjølv synga med når Lars Lillo-Stenberg og resten av bandet opptrer live på Gjerstad arena!

Fredag 28.oktober kom dei med eit rykande ferskt album «Peiling på Seiling» som har fått ei svært varm mottaking blant både publikum og anmeldarane.

Dagbladet musikk skriv blant anna: «Det første som slår en med «Peiling på Seiling» er at bandet synes, tross sitt tidvis bittersøte nostalgiske skråblikk, veldig lite tynget over å ha vært 30 år i bransjen. Materialet er løst i snippen, skuldrene er lave og det virker som gjengen fremdeles har det mye moro med det de gjør.»

DeLillos starta opp allerede i 1984. To år seinere gav dei ut debutalbumet «Suser av gårde». I 1993 kom monsterhiten «Neste sommer», som fortsatt vert spelt på norske radiostasjonar når sola titter fram og gradestokken kryp oppover.

Saman med Raga RockersDumDum Boys og Jokke & Valentinerne blir deLillos referert til som ein av dei fire store norske rockegruppene på åttitallet.

Bandet består i dag av frontfigur Lars Lillo-Stenberg (vokal, gitar), Lars Beckstrøm (vokal, bass), Lars Lundevall (vokal, gitar) og Øystein Paasche (trommer).