DJ Axillar

10-årig stjerneskudd varmar opp for Matoma! 

I fjor fekk me ein epost frå managementet til Alan Walker om at dei hadde ordna det slik at Jonas Hansen aka DJ Axillar skulle få treffa Alan backstage. 
Dette møtet gjekk tydeligvis veldig bra, for etter festivalen såg me plutselig på Instagram at Jonas fekk stå bak på scena når Alan spelte. (Sjå video lengre ned i artikkelen)

Me har og sett fleire videoar når Jonas trer inn i rolla som DJ Axillar, og me må sei me er svært imponert!
Det er ikkje berre me som er imponerte, for blant ein heil haug av kjende og ukjende DJ-ar og artistar som føl han på Instagram er blant anna Matoma som skal spela hjå oss i år. Me snakka med Matoma tidligare i vinter og spurte han om kva han tenkte om at me vurderte å gje DJ Axillar speletid. Han digga ideen, og me har no klart å rydda plass mellom AURORA og Matoma til ungguten frå Haugesund.