Familieforetaket

Det er med glede me kan invitera dykk til konsert med Familieforetaket!

Familieforetaket kan vera både harde og mjuke, og i fylgje deira eiga forsking viser det seg at alt frå punkarar til svigermødre likar musikken.
Stord-bandet har allereie rukke å bli booka til internasjonal spelejobb og skal spela på FocusWales i mai i år! 

Frilans musikkjournalist Erik Valebrokk skriv i si overstrøymande melding av «Going North»: «Det er noe nesten eterisk over musikken til Familieforetaket… En litt uhåndgripelig svevende følelse av uro i kombinasjon med en udiskutabel skjønnhet i et landskap som befolkes av blant annet Nick Cave, Leonard Cohen og Patti Smith» (http://www.erikvalebrokk.no/velkommentilfamilien)

Familieforetaket er ei gryte som har stått på kok. Ikkje ei slik som blir kokt sønder og saman men som har blitt betre og betre ettersom tida har gått. Me er aldeles henrykte over å invitera dei til Tysnesfest, for i år, av alle år, lovar Familieforetaket at dei definitivt er klare for å løfta loket av for dykk. After all: «One can never be too enthusiastic when it comes to eucalyptus!»

Sjå ellers nettsida til bandet!