Helge Jordal

Det er ei sann glede å ynskje Helge Jordal og «Terje Vigen» tilbake til Kjevikjo!

Kjevikjo er ein magisk plass. Heilt sidan 2009 har me hatt konsertar og framføringar i Vestlandets vakraste lagune. No er det eit par år sidan sist, men i 2019 kan du gleda deg til å sjå Helge Jordal framføra Henrik Ibsens episke dikt «Terje Vigen» frå scena i Kjevikjo. Han har med seg sine dyktige musikarar som vil bidra til å lokka fram den deilige gåsehudeffekten.

Ibsen skreiv diktet om Terje Vigen i 1861. Han tok utgangspunkt i forteljingar frå sørlandskysten under napoleongskrigen og kornblokaden tidleg på 1800-talet. På denne tida var Danmark/Norge i krig med mellom andre England, som hadde innført handelsblokade og dermed kutta all kontakt mellom Norge og Danmark. Dette førte til hungersnød i Norge. Diktets hovudperson blei tatt av eit britisk marinefartøy, og sendt i krigsfangenskap i Storbritannia.

Helge Jordal (72) treng ingen nærare presentasjon. Han er kjent frå ei lang rekkje store rollar både på scene og lerret dei siste fire-fem tiåra, mellom anna sine heilt legendariske tolkningar av «Jeppe på Bjerget» og hovudrolla i storfilmen «Orions belte».

Fyrste gong me arrangerte noko i Kjevikjo, var det nettopp Helge Jordal og «Terje Vigen» som sto på plakaten. Det var så bra at me no tek sjansen på ein reprise. Dette bør du ikkje gå glipp av!

Perfekt julegåve til mor, far, bestemor eller bestefar! Og sjølvsagt til deg sjølv også 🙂 Me legg ut eit begrensa antal billettar med julerabatt!
Trykk her for å kome til billettsalget.