Highasakite

Noregs desidert heitaste band for tida – HIGHASAKITE – er klare for Tysnesfest 2017! 

Bandet er i desse dagar på ein omfattande noregsturné som vart utseld i løpet av få minutt, og me gler
oss veldig til å igjen få ta imot dei på Gjerstad Arena.

Highasakite slapp i mai 2016 sitt nyaste album «Camp Echo» som har fått anmeldarane til å trilla femmarar og seksarar over heile linja.

Bandet gjesta Gjerstad arena sist i 2015. Då spelte dei for et rekordstort publikum på 6700 like etter at legenda Tom Jones gjekk av scena. Den konserten var så sterk at me har valt å invitera eit av Norges beste liveband attende til Tysnes etter berre to år.

Så det er berre å gle seg til gjensyn med gjengen bak slagerar som Golden Ticket, Lover where do you live, Samurai swords og God don’t leave me!