I am K

I am K er blitt spådd ei lysande framtid både av internasjonale og norske medier og i følge
NRK P3 er dei eit av Noregs mest lovende band.

Prestisjetunge tunge Clash Magazine meina dei kjem til å ha ein “Europe wide hit record” i løpet av dei neste åra.

Hard, kontant rock, melodisk pop og røff elektronika i en eklektisk blanding – I am K er
lyden av et band I 2018, virtuost og uten sjangerbegrensninger.

Siste helga i februar 2018 fekk 20 feite band prøva seg for ein solid delegasjon frå norsk festivalbransje under arrangementet 100 Dagar. Av desse artistane vart I am K vald som vinnar av Vestlandssatsinga 2018. Og for ein konsert dei leverte! Bandet gjekk av scena alt kl 2030 på laurdagen, og etterlot seg eit måpande publikum. Ingen tvil. I am K kjem til å klatra seg kjapt opp bland landets mest interessante band. 2018 er deira år.

 I am K representerer ei moderne og smart tilnærming til musikkfaget. Melodisk pop, sylskarp elektronika og treffsikker rock sys elegant saman. Ryddig kompleksitet, kvalitet i alle ledd og ingen sjangebegrensingar. Og denne våren kjem debutplata ”Humans”. Lyskannene er verkeleg retta mot I am K dette året! Dette er no, og dette er framtida.

 Vestlandssatsinga, med sitt utspring i 100 Dagar, er eit fantastisk talentbyggingsprosjekt. Her samlast ein haug seriøse arrangørar seg rundt eit band ein ønsker å gi eit  karriereløft. Desse festivalane tilbyr  totalt sett enormt viktig erfaring frå festivalspeling, honorar, og eit trailerlass merksemd. CV-pimping delux! Og ikkje minst; dei får vist seg for eit svært og breitt publikum sommaren igjennom. Ta I am K godt imot, dei kjem nemleg for å bli.

Med på Vestlandssatsinga 2018 er heiderlege: Musikkfest Stavanger, Utkantfestivalen, Malakoff, Tysnesfest, Fest i Vest, Mablis, Vikedal Rootsfestival, Skral, Byfestivalen til Bergen Sentrum, Skånevik Bluesfestival, Den Festivalen på Vangen og Festidalen.