Ingebjørg Bratland

Det blir garantert ei av sommarens vakraste stunder når Ingebjørg Brattland kjem for å opptre i Onarheimskyrkja.

Ingebjørg Bratland er godt forankra blant nye og tradisjonelle musikkelskarar. 25 millionar strøymingar av hennar katalog samt 40.000 solgte cd’ar av «Måneskinn» er klar tale!

70 utselde konserter på siste turné taler vel og for seg sjølve. Det er ingen overdriving å kalle artisten frå Vinje for ein aldri så litan popsensasjon. 6. oktober sleppte ho også sitt fjerde album, “Hjarteskjell”, til strålande meldingar.

Bransjebladet Musikknyheter gav albumet 9/10 og skreiv: «Hjarteskjell er et sterkt album og et høydepunkt i plateåret 2017. Herlig musikk som bringer lune toner til høstmørket».

Ingebjørg Bratland skal ut på ein omfattande turné i 2018, noko ho gler seg til: ”No skal eg snart ut på vegen att! Kjenner det kriblar bra etter ei lang pause. Noko av beste med å gje ut ny musikk er å reise på turné. Og ikkje minst at eg no har endå fleire songar å velge i! Gler meg til å pakke kofferten for å ut å fylle alle dei flotte konsertsalane rundt om med både nye og songar de har høyrd før! Håpar de vil dele kvelden med meg!”, seier ho sjølv.

For det er ingen live-debutant me har med å gjere her; Bratland har evna å bergta sin konge, sitt publikum og sine meldarar med sin klåre, sterke stemme, ekte fremføring og fengjande låtar.

  • Konserten er inkludert i Tysnesfest-festivalpass, men det er begrensa plassar reservert mot festivalpassa, og det er fyrstemann til mølla som gjeld. Om ein skal nytta seg av denne sjansen må ein melda seg på via skjemaet her, elles kan enkeltbillettar kjøpas her.

Ingebjørg Brattland speler i Onarheimskykja sundag 15. juli.