Kari Bremnes

Kari Bremnes er ein våre aller fremste låtskrivarar, songarar og ho er ein formidabel live artist.

Kari Bremnes gav oss ein fantastisk konsert i 2013, og det er til dags dato er den konserten me har arrangert i Kjevikjo som har hatt høgast publikumstal.
I 2018 skal ho trø i fotspora til Vamp, og Solstråleøya blir hennar arena. Me vil ha same opplegg som i 2017 der me har hurtigbåt som går tur/retur, og alt vert lagt til rette for mange magiske stunder.
Kari Bremnes har aldri hatt eit større- og meir variert publikum enn ho har no. Ho turnerer både i inn og utland, og berre i haust har ho hatt heile 35 konsertar der 95% av alle tilgjengelege billettar vart seld.

I September slapp ho si fyrste plate på meir enn 5 år, og har selt heile 5000 fysiske cd`ar noko som i 2017 er ganske fantastiske tal.
Billettar ligg no ute for sal her.
Hugs på at her vart det smekkfullt i fjor, så ver tidleg ute med bestilling. Perfekt julegåve!

Konserten med Kari B. går av stabelen onsdag 11. juli 2018.