Kim Larsen

kimlarsenkjukken2017b-fotomortenrygaardDet er med ikkje så lite stoltheit me kan fortelja at dansk rocks gudfar, Kim Larsen, kjem tilbake til Tysnesfest!

Larsen er i haust på turne i Danmark. Heile turneen blei utseld på nokre dagar, og no er det klart at 71-åringen reiser ut på vegen igjen til sommaren.

Larsen var på 70-talet vokalist og frontfigur i Gasolin, som framleis er rekna som som eit av Skandinavias største rockeband. Med seg i bagasjen på sommarens turne har han garantert Gasolin-slagarar som «Hva gør vi nu, lille du», «Rabalderstræde» og «Kvinde min». I tillegg får me høyre masse anna frå hans meir enn 45 år lange karriere.

Dansken gjesta Tysnesfest sist i 2012, og mange har spurt om me kan invitera han tilbake. Me er difor veldig glade for å få sjå Kim Larsen på Gjerstad arena også i 2017.

Kim Larsen har i heile 2016 jobba med innspeling av nye låtar, og eit nytt album er venta våren 2017. Singelen «Moder Jord» er allerede lansert og har fått god mottakelse.

For 20 år sidan danna Larsen bandet Kjukken, og saman har dei gitt ut ni album og gjort eit meget høgt tal konsertar i heile Skandinavia.  Kjukken består i dag av Karsten Skovgaard (gitar), Jesper Haugaard (bass), Jens Langhorn (trommer) og Jørn Jeppesen (gitar).