Kjartan Lauritzen

Noregs nye rap-superhelt

Ka, ka, ka, ka e d som skjeeer? Kjartan Lauritzen til Tysnesfest! Kjartan leverte eit fyrverkeri av ein konsert i 2017, og det var liten tvil om at han må tilbake på Gjerstad!

Det er enorm etterspurnad etter rap-kometen frå Balestrand, som på rekordtid har gått frå å vere ein heilt anonym gut frå Balestrand, til heile Noregs store superhelt innan rap.

Kjartan fekk sitt store gjennombrot med songen «Havanna» i 2015, men fekk ein endå større hit året etter med «Fredag», som er strøyma over fem millionar gonger berre på Spotify.

Under P3 Gull i 2017 vart den no 23 år gamle artisten nominert både i klassen Årets nykommar og Årets liveartist.

I september slapp han sin sjølvproduserte EP «Fenomenet» på det bergenske kollektivet Vibbefanger, som han er ein del av. Sleppkonsertane i Bergen, Trondheim og Oslo (Rockefeller) blei utselt fleire veker i forvegen.

Kjartan Lauritzen speler på Tysnesfest laurdag 13. juli.