Lind+Nilsen+Fuentes+Holm

I fjor haust møttest Espen og Kurt for å spela gitar, synga og mimra litt. Det gav umiddelbart meirsmak. Kjemien og godkjensla vaks raskt, og det som hittil hadde vore unemneleg blei no heilt uungåeleg. To telefonar blei tekne, og hos både Alejandro og Askil var konklusjonen eit rungande og eintydig «Ja!»

Gutta har sidan då hatt eit utal øvingar, teke opp igjen gamle låtar frå dei førre albuma, og grave i skattkammeret av låtar dei elskar. Summen av dette er blitt ei forrykande feiring av musikken – av norske og internasjonale hits – ei rekke folkekjære og tidlause songar.

”Dette kommer til å bli vanvittig gøy både for oss og for publikum. Vi klinker til, og skal lage fest hver kveld vi går på scenen. We`re gonna party like it`s 2009!” – ler Kurt.

Sjølv om «gutta» no er blitt familiefedre og 10 år eldre, hindrar ikkje det vilja til å dra ut på ein tre månader lang sommarturnè.

«Det blir en tidsreise i dobbel forstand. Publikumet vårt har også blitt eldre siden vi sist var på veien. Denne gangen utvider vi repertoaret vårt. Flere låter, større bredde, større produksjon og enda flere hits. Det norske publikumet fortjener en festkveld som dette – og vi gleder oss!» utbryter Espen.

Og til dei som lurer på om «Hallelujah» og «Boys of Summer» framleis er med i repertoaret:

”Ja selvfølgelig. De som så oss i 2006 og 2009 vil kjenne seg godt igjen. Men også de som var barn den gangen vil kose seg nå. God musikk og god stemning treffer alle! Det blir flest nye låter vi aldri har opptrådt med før. Vi er klare til å lage fest!”, melder Askil.

Det som starta med ein stillferdig versjon av Cohens «Halleljujah» på Skavlan i 2006, ble etterfølgt av ein landsdekkende Norgesturné, Spellemannpris og tre randsfylte Oslo Spektrum.
I 2009 gjentok dei suksessen med nok ein imponerende turné, der Tysnesfest var eit av stoppa. Meir enn 120.000 konsertbilletter blei selde – og nok ein gong fekk publikum oppleva energien og gleda fra artistane.