LÖV

Noregs nye supergruppe LÖV kjem til Tysnesfest!

Dei er ei ganske fersk popgruppe slik dei no er satt saman, men dei tre medlemmane er langt frå ferske i gamet. Marte Eberson og Øystein Skar har vore ein del av Highasakite fram til i fjor, og no har dei saman med The Voice-vinnaren Martin Halla danna det som medienorge kallar supergruppa LÖV!

I november i fjor slapp dei to popperler «Superhuman» og «That Wasn`t Easy» som begge vart kritikerrosa. Sjølv om dei har funne ein særeigen sound er det ikkje vanskelig å høyra kor stor del av Highasakite Marte og Øystein har vore.

Martin sin fantastiske vokal passar perfekt til soundet, og saman med stjerneprodusent Odd Martin Skålnes (SIGRID, AURORA) var «Superhuman» definitivt ein av haustens sterkaste låtar. Den er og vignettmusikken til TV-serien «Semester»

Dei slapp nylig enda ei låt «Fuel To The Fire» under Kveldsåpent på NRK radio. Låten gjekk rett inn på spelelistene til mange radiokanalar!

Bandet er tatt svært godt imot, og er blant anna bekrefta til Hove Music Festival i juni før dei skal på scena på Tysnesfest torsdag 11. juli