Miss Tati

Miss Tati

Endeleg er Bergens eigen, multikulturelle popdronning klar for Tysnesfest!

Miss Tati har vore eit velkjend namn på konsertar og festivalar i fleire år. I april i fjor varma ho opp for Sondre Lerche på Tysnesfest sin kickoff, og hennar opptreden der gjorde at me der og då ba ho koma tilbake i 2018.

Miss Tati er fødd i Portugal, men foreldra er frå Angola. Ho vaks opp i Setubal før ho flytta til Bergen som tiåring. Der har ho no etablert seg som eit av dei største stjerneskota. Ho skriv sine eigne låtar, og er inspirert av hip-hop og R&B.

Ho fekk sitt gjennombrot då ho var med i Urørt-finalen i 2015 saman med mellom anna Silja Sol. I tillegg til at Miss Tati varma opp for Sondre Lerche på 40 konsertar i fjor vinter og vår, spelte ho på ei rekkje festivalar landet rundt. Ho har mellom anna vore på Bylarm, Slottsfjell og Øya.                 
Blant Miss Tatis mest kjende låtar er «Don’t let go», «Here to stay», Bad habits» og «You got to».