MUKTI

Då livet vart snudd opp ned av alvorleg sjukdom vart ein nedstøva barnegitar redninga.

Utan noko musikalsk bakgrunn byrja musikk å strøyme gjennom artisten som gav ut sitt debut album “What I’m living for” i november 2018.

Med eit brennande ynskje om å inspirera og gjera ein forskjell, er det den kjenslemessige kontakten til musikken og publikum som står i fokus hos singer-songwriteren frå Stord.

Musikken beveger seg innan ulike sjangrar og har eit underliggande bodskap om friheit.

MUKTI har kjent eit enormt potensiale i musikken heilt frå starten og har ambisjonar om å nå ut i heile verda!

Me oppdaga MUKTI, eller Vibeke Grov som er namnet hennas på 100 dagar på Stord i vinter, og vart bergtekne av hennar formidlingsevne. 
MUKTI og bandet hennar kan du sjå opptre ombord på MS Sunnhordland til kais i Våge fredag 12. juli!