Ohio

Ohio er eit poporkester frå undergrunnsmiljøet i Bergen. Deira svært originale «sound» er skapt av ein kombinasjon av jazz, funk og pop. Heilt sentralt i bandet står Sebastian Torjusens beatboxande og groovy tubaspel. Det i seg sjølv er ein attraksjon du berre må få med deg! Ohio skil seg sterkt frå resten av popbransjen fordi fire av seks bandmedlem speler på blåseinstrument. Alle er i tillegg dyktige solistar. Dei har knallsterke låtar og ei heilt særeigen evne til å jamma. Ohio spelte i fjor på mellom anna Øyafestivalen, Kongsberg jazzfestival og Sildajazz.

På Tysnesfest kan du oppleva dei på på Mandelhuset torsdag 13. juli.