Sandra Lyng

Morgan Sulele, eller Magnus Clausen som han eigentleg heiter, er kjempelei seg for at han må avlyse konserten hos oss, men han har fått eit tilbod han ikkje kunne takka nei til, og det ligg nok an til at detta kan hausta spanande moglegheiter for han vidare i karriera si. 
Når det er sagt, synes me faktisk at erstatninga me har fått tak i er like god, om ikkje betre. Sandra er sporty stiller på veldig kort varsel. 

Etter å ha sunget på engelsk dei siste åra og gitt ut platina-singlar som “Play My Drum”, “PRTEY”, og «Night after night», er Sandra Lyng tilbake på norsk, 10 år etter ho gav ut det Stargate-produserte albumet «Døgnvill». Sandra er for tida aktuell med singelen «Ta me dit» kor ho har slått seg saman med han som no må avlysa Tysnesfest, den elleville hitmakeren og kollegaen, Morgan Sulele. 

– «For å feire at jeg snart har vært artist halve livet ville jeg gjøre en liten throwback. I mange år har jeg sunget på engelsk og hatt det kjempegøy med det men nå tar jeg morsmålet mitt tilbake i musikken. Jeg startet jo å synge på norsk med låter som Sommerflørt med Philip, I Morgen og ett album, Døgnvill. Nå vil jeg ta det tilbake, men på min egen dialekt.» – Sandra Lyng

Allereie som 16 åring blei Sandra Lyng kjent for dei aller fleste, etter sin deltagelse i sangkonkurransen Idol i 2004. Ho fylgde opp suksessen med singlane «Sommerflørt» og «I morgen» som endte på 1 og 2. plass på VG-lista. Hennar debutalbum «Døgnvill» klatra heilt opp til 3.plass på salgslistene til VG.

Tid og stad for Sandra sin konsert blir det same som Morgan skulle opptre, altså laurdag 15. juli klokka 15.00 på Lekter`n scene midt i Våge sentrum. 
Konserten er ein del av marknadsdagane, og for å få den med deg kan du ha ein av dei fylgjande billettane: Festivalpass, marknadsdagsbillett eller «gjest i båt».