Sigvart Dagsland og Karoline Krüger

Bergens mest kjente artistpar avsluttar Tysnesfest i Onarheimskyrkja. Dette blir garantert ei av festivalens vakraste stunder.

Sigvart Dagsland og Karoline Krüger har først og fremst gjort suksess med solokarrierar på kvar si kant. Etter 20 års ekteskap ga dei i 2013 ut juleplate saman. Det var fyrste gong Dagsland og Krüger blanda artist- og privatliv.
Sigvart Dagsland har 20 soloalbum bak seg. Han fekk Prøysen-prisen i 2009, har vore nominert til Spelemannsprisen tre gonger og motteke den ein gong.

Karoline Krüger er både prisløna komponist og fullboren musikalsk teaterartist: Ho har gjennom et par solide tiår i den norske artistfloraen etablert seg som en særeigen songar og låtskrivar. Dei to siste åra har ho hatt ein leiande rolle i oppsetninga om «Hellemyrsfolket» ved Den Nasjonale Scene  i heimbyen Bergen; den mestseljande førestilling ved teateret nokonsinne. Sidan debuten i 1988 har Karoline gitt ut seks soloalbum, og medverka på eit titalls andre som komponist eller songar/musikar.

På Tysnesfest får me servert ein miks av det beste frå dei siste 30 åra!