Årets artist på Såto: Sivert Høyem!

Ingen ringere enn Ssh1a_autumntour_fotocred_desireemattssonivert Høyem er klar for konsert på Tysnessåto torsdag 13. juli!

Oslo Ess, Lars Vaular og Sondre Justad har alle spelt på Noregs mest spektakulære konsertscene, 753 meter over havet. I 2017 har me invitert Sivert Høyem til fjells.
2016 har vore eit begivenhetsrikt år for Høyem. I januar sleppte han albumet «Lioness», og i vår, sommar og haust har han gjort over 80 konserter i inn- og utland. Eit av dei desiderte høgdepunkta var to utselde hus framfor 10.000 greske fans i Akropolis.

Men no er det neste sommar det handlar om. I tillegg til konserten på Tysnessåto, skal Høyem sjølvsagt spele på Gjerstad seinare same dag.

Sivert Høyem treng ingen nærare presentasjon. Han var vokalist i det norske rockebandet Madrugada frå starten i 1995 til bandet blei oppløyst i 2008 og er kjent for sin djupe, klokkeklare røyst. Både før og etter at Madrugada ga seg har han hatt ein suksessfylt solokarriere. Mellom hans mest kjente låter er «Prisoner of the road», «Moon landing» og «Sleepwalking man».