Skambankt

Kompromisslaus hardrock med Skambankt

Det blir full fyr på Gjerstad arena når Skambankt endeleg kjem til Tysnesfest.

9. februar sleppte hardrockbandet frå Jæren sitt sjette album, kritikarroste «Horisonten brenner». Så drog dei ut på ein omfattande Noregsturne som strekte seg frå Alta i nord til Kristansand i sør.

Frontfigur Terje Winterstø Røthing har vore på Tysnesfest ein gong før. I 2012 spelte Kaizers Orchestra til vill jubel foran ei fullsatt Gjerstad arena. No kjem han tilbake med eit band som er i alle fall i sjanger er hakket råare enn Kaizers.

Skambankt gjorde sin første spelejobb så tidleg som i 1994, men det skulle ta ti år før dei ga ut sitt første album. Dei er i dag rekna som ein av Noregs pionerar innen hardrocksjangeren.

Heilt sidan den andre plata, «Eliksir», har Skambankt vore inne på Noregs nasjonale hitlistar. I 2014 gjekk dei heit til topps på VG-lista med «Sirene». I 2013 stakk dei av med Spotify-prisen for «årets innovatør» under Spelemannprisen.

Skambankt speler på Tysnesfest fredag 12. juli.