Storm Weather Shanty Choir

Kva er vel ein kystfestival utan ein dose ramsalt shantysang?

Me er stolte over å fortelja at verdas beste shantygjeng, Storm Weather Shanty Choir er booka til Tysnesfest 2017.

Storm Weather Shanty Choir har den siste tida nådd stadig lenger ut i verda. Hausten 2016 har dei stått øvst på plakaten i Polen, Tyskland og England. Hausteventyret starta 26.-28. august, då dei var hovudattraksjon på Festiwal Piesni Zeglarskiej, utanfor Krakow i Polen, og spela for rundt 3000 menneske. Ein knapp månad seinare blei det tur til Kreuzberg i Berlin, der dei toppa Berlin Shantyclash på Clash, ein av dei største og mest legendariske punkscenane i byen. Dagen etter headlina dei eindagsfestivalen International Banjo Day, på The Old Queens Head i London.

Rockekoret frå Stord fyller 16 år i år, og får eit stadig større publikum i inn- og utland. Status i 2016 er fem kritikarroste plater, over 400 konsertar og stor respekt både i rocke- og folkemusikkmiljø. I løpet av 2009-16 har gjengen blant anna gjennomført fire noregsturnéar og to USA-turnéar og to Japan-turnear.

Storm Weather Shanty Choir består av: Håkon Vatle, Roald Kaldestad, Rune Nesse, Vidar Vedå, Gisle Østrem og Ronny Sætre.  Dei er kjent for sine energiske konsertar. «Det skal virkelig et godt rockeband til for å toppe et shantykor fra Leirvik», skreiv Einar «Engelen» Engelstad, i Bergens Tidende etter konsert på club:Larm 2008.