Morgan Sulele

Morgan Sulele har ikkje berre kapra mange ungpikehjarter rundt om det ganske land, han har også kapra listeplasseringar med sine supercatchy låtar. Han starta like godt med å toppe iTunes, Spotify og Tidal, og ikkje minst tok han førsteplassen på VG-lista og blei der i heile seks veker sommaren 2015 med debuthiten «Bare Min». Sidan då har han rukket å strøyma til 18 gonger platina og to gonger gull (fordelt på 8 låtar) på under to år, med mellom anna «Lakenet» og «Jeg vil heller ha deg» som han ga ut i samarbeid med Innertier.

Han har totalt 53 veker på VG-lista samanhengande og med over 60 millionar streams på Spotify aleine er Morgan Sulele ein av Norges desidert mest streama artistar dei siste åra. I 2016 reiste han landet rundt med DJ og gitarist, og i år har han samla eit eige liveband beståande av musikarar som tidlegare har spilt med Siri Nilsen, Bebe Rexha, Karpe Diem, Robin & Bugge, A1 m. fleire.

Du kan oppleva Morgan Sulele på kaien i Våge på dagtid laurdag 15. juli.