The Vossa Rebels

Verdas yngste rockabillyband

The Vossa Rebels er ein rockabillykvartett der dei fire medlemmane er knapt 60 år. Til saman. Dei har spelt på Øyafestivalen, opptrådd på Balejazz og vore med på Norske Talenter!
Bandet er frå Voss, med Sondre Hegg på gitar og vokal, Eivind Dæmring Styve på trommer, Sondre Dæmring Styve på kontrabass, og Jakob Sjøtun på rytmegitar. Medlemane er frå 13 til 17 år.

Om Styve-namnet let kjend, så kan vi stadfesta at mykje av genene i bandet kjem frå legendarisk gitarist i Twang Gang, Erlend Styve. Bandet skriv eigne låter som du kjenner att frå ein periode der stil og brylkrem betydde alt. Musikken spelar dei med intens autoritet og innsatsvilje, og gitaren på nakken.

The Vossa Rebels skal spele på bluescruise med Statsraad Lehmkuhl fredag 13. juli, der og Randy Pavlock frå USA skal spela.

«Me såg bandet for fyrste gong på bransjetreffet 100 dagar på Stord i fjor og me fekk verkeleg kjenna på kroppen kor energiske og rå dei unge karane er. Det passa dessverre ikkje inn i deira plan å komma til Tysnesfest 2017, men no er me glade for å få dei på plakaten»