Turbonegro

Det blir knallhard punkrock på Gjerstad arena når sjølvaste Turbonegro vitjar Tysnesfest!

Turbonegro blei danna så langt tilbake som i 1989. Dei dreiv lenge som eit undergrunnsband, og vart store også i Europa midt på 90-tallet. Under Europa-turneen i 1998 fekk frontfigur Hans-Erik Dyvik Husby, betre kjent som Hank von Helvete, samanbrot og bandet vart oppløyst.

I 2002 vart dei gjenforent, og i 2003 gjekk singelen «Fuck The World» frå albumet Scandinavian Leather rett til topps på hitlistane i Noreg. For dette albumet fekk bandet Spellemannprisen 2003 i klassen rock og Alarmprisen 2004 i samme klasse. Dei har og vunnet klassen for beste liveband under Alarmprisen 2003 og Alarmprisen 2004 og Gammleng-prisen i klassen rock i 2006. I juli 2010 blei det kjent at Hans-Erik Dyvik Husby ga seg i bandet, 17 år etter han blei med som vokalist. Sommaren 2011 kom bandet tilbake med Tony Sylvester som vokalist under ein «Turbojugend»-tilstelning i Hamburg og året etter ga dei ut albumet Sexual Harassment.

Turbonegro består i dag av Tony Sylvester (vokal), Thomas Seltzer (bass) , Knut Schreiner (gitar), Rune Grønn (gitar), Tommy Akerholdt (trommer) og Haakon-Marius Pettersen (keyboard).

Turbonegro skal på scena fredag 14. juli 2017