|
I den opne klassen skilde berre eit fattig hundredel vinnaren frå andreplassen. Slik er det i ekstrem bilsport, svært små marginar. Me fekk også sjå gode underhaldningsinnslag, og flotte bilar i det veletablerte og tradisjonsrike løpet. Juryen kåra vinnarar av dei faste trofea, og premiane vart utdelt like etter løpet. Alle deltakande fekk deltakarpremie, og vinnarane av dei ulike trofea fekk også pokal. Det var også i år berre ein bil med i meisterskapsklassa, og denne tok då ikkje overraskande tittelen! Me gratulerer Nybegynneren med nok ein siger, og ynskjer lukke til i Noregsmeisterskapen i olabil!
Resultatlista etter kassabilløpet ser slik ut: |
Gravity 9,8 var uheldig dagen før løpet og kolliderte rett i grillen. Uhellet resulterte likevel i sjarmørprisen 2012! |
Open klasse:
Vinnar: Bil: Tid:
Finaste bil: Basskongen **.**
Raskaste bil: Jedn-mobil 45.30
Lightning 45.31
Noko gale med mikrofonen 46.84
Besten 50.28
Sjarmør: Gravity 9,8 52.78
RadaRada 58.75
Space Cowboys 80.24
Meisterskapsklasse:
Raskast: Nybegynneren 40.47
Me takkar for deltaking, gratulerer alle vinnarar, og ynskjer velkommen attende neste år!
Tysnesfest