Festivalpass: Gjev deg adgang til alle konsertar på Gjerstad Arena, samt arrangement merka med * i programheftet. Enkelte av arrangementa som for eksempel Kyrkjekonserten må ein melda seg på via epost. Sjå informasjon på dei einskilde arrangementa.
Dagspass: Gjev deg adgang til kveldskonsertane på Gjerstad Arena.
Tysnesfest UNG festivalpass: Gjev deg adgang til heile programmet i Bermudateltet frå torsdag til laurdag.
Tysnesfest UNG dagspass: Gjev deg adgang til programmet i Bermudateltet på fredag eller laurdag.
Tysnesfest Festivalhamn:
For å bu i hamna må du betala for adgang her. Prisen gjeld for heile festivalen, altså onsdag til søndag. Kjem du seinare enn onsdag er prisen den same.
- Båtplassener den same uavhengig av storleik på båten, og inkluderer kapteinen. Denne prisen gjeld frå onsdag til søndag. Kjem du seinare er prisen den same.
- Dersom du skal ha med deg gjester eller skal vere gjest i båt, må kvar person betala for adgang i hamna.
- Born til og med 12 år bur gratis i hamna. Dei går òg gratis på konsertar på Gjerstad Arena
- Etter 21.00 kjem ein ikkje ned på hamneanlegget utan gyldig billett
- Båtgjestene skal retta seg etter instruks frå hamnevakt
- Sjølv om det no ikkje er krav om festivalpass, ynskjer me sjølvsagt å sjå flest mogleg av båtgjestene våre på Gjerstad Arena
Me oppmodar dei som har kjøpt båtbillett på førehand, om å kome innan fredag 14.07.2023 kl 21.00 for å vera sikker på at du ikkje misser båtplassen din.
Du må ha festivalpass for å bu heile festivalveka. Om du berre skal bu ei natt, må du ha gyldig dagspass for å kunne bu på campen.
NB! Festivalpass/dagspass må kjøpas på førehand. Både camp-billett og pass må visas når ein sjekkar inn på campen. Om du ikkje møter opp før 18.00 den dagen du har reservert plass, risikerer du å miste plassen.
Hugs å velge rett ankomstdag når du kjøper billett.
Under 18 år i følge med foresatt.
Campen ligg i Uggdal, og me har bussar som går i skytteltrafikk heile helga.
Med eit Tysnesfest-gåvekort kan du gleda nokon med ei unik oppleving! Den som får gåvekortet kan sjølv velga kva Tysnesfest-arrangement han/ho vil bruka gåvekortet på. Ein kan bruka gåvekortet som heil- eller delbetaling både online, samt ved fysiske billettutsalg på festivalen. Saldo kan du alltid sjekka på ticketco.no Gåvekortet er gyldig i 1 år frå kjøpsdato. Det er ikkje mogleg å refundera saldo på gåvekortet.