Påmelding til Tysnesfest Grand Prix

Påmelding til Tysnesfest Grand Prix 2017

På marknadsdagen Fredag 15. Juli, under Tysnesfest 2017 blir det som alltid kassabil-løp. Dette er vår viktigaste tradisjon som er svært populær hjå dei fleste. Me har 2 klassar i Tysnesfest Grand Prix: -”Tysnesfest Open”-klasse der me premierar for raskaste bil, finaste bil og sjarmørpris -”Tysnesfest Mesterskap”-klasse der vinnaren(raskaste bil) blir meld på til NM i kassabil i Oslo.
  • Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.

Bana vert fordelt over 2 etapper, avskild med ein pitstop, totalt 250 m. I Pit’en må bilen stå heilt i ro, før ein kan setja i gang med 2. Etappe. Difor er det viktig med gode bremser på bilen.


Reglar for ”Tysnesfest open”-klasse:

  1. Aldersgrensa for å delta er 5 år.
  2. Kassabilen må ha styring og bremser.
  3. Køyring må foregå med hjelm.
  4. Tysnesfest har moglegheit til å nekta deltaking dersom dei er i tvil om desse reglane er oppfylt, eller om det er tvil om at kassabilen kan gjennomføra løpet på ein sikker måte.
  5. Skjema for ansvarsfråskriving må signeras av deltakar, eller føresett/forelder om deltakar er under 18 år.

Reglar for ”Tysnesfest Mesterskap”-klasse:

Tysnesfest må tilpassa reglane etter dei same som NM / Nordisk-mesterskapet har, og dei som vil vera med å tevla om ein plass i mesterskapet må fylla krava som er sett. Meir info på www.olabil.no.

  1. Førar av bilen må vera fylt 7 år.
  2. Bilen skal ikkje ha skarpe spikrar, skruer eller andre framandelementer stikkande ut som kan skade fører eller tilskodarar.
  3. Bilen bør bli konstruert slik at førarens bein ikkje kan koma mellom bakken og bilen, men arrangør ser også at det kan vera viktig å kunne setje beina ned til bakken (Du vèl dette sjølv, men pass på)
  4. Bilen skal vera utstyrt med effektiv og lettbetjent brems. husk at fotbremser er best.
  5. Styresystemet skal vera av slik art at bilen kan bli kontrollert enkelt og trygt  fra ”cockpit”. TAUSTYRING er ikkje å anbefala då bilen lett velter.  
  6. Bilen sin frigang over bakken bør ikkje vera meir enn 20% av bilen si totale høgd.
  7. Type hjul er valfritt men må bli montert forsvarleg og ha ein max ytre diameter på 50 cm.
  8. Bilen skal ha 4 hjul, og det må være nesten lik hjulavstand på fram- og bak-aksling.
  9. Bilen bør / skal ha ein eller annan form for veltebøyle slik at nakke og hovud på fører er skjerma ved velt.
  10. Alt av ”ekstrautstyr” på bilen skal være solid fastmontert. Det er ikkje tillete og lage bilen kunstig tung. 
  11. Sjåføren skal ha hansker, hjelm under løp og testkjøring. Heildekkande tøy er å føretrekkja.
  12. Tysnesfest har moglegheit til å nekta deltaking dersom dei er i tvil om desse reglane er oppfylt, eller om det er tvil om at kassabilen kan gjennomføra løpet på ein sikker måte.
  13. Skjema for ansvarsfråskriving må signeras av deltakar, eller føresett/forelder om deltakar er under 18 år.
Bruk tid på å fylla ut så detaljert som mulig.

 Frist for påmelding er 4. juli 2017

 

På løpsdagen:

Løpet vil starta kl 15.00. Alle bilar som er påmelde må vera på plass i startområdet seinast kl 14.00 for innsjekk. Husk at det er mykje folk og trafikk i Våge denne dagen, så det er lurt å rekna god tid.

Dei bilane som ikkje er sjekka inn innan 14.00 risikerer å ikkje få starta.

Etter at løpet er avslutta vil bilane verta utstillte i målområdet, og premieutdelinga vil starta om lag 10 min etter at siste bilen er kommen i mål. Premieutdelinga vil føregå ved fyrtårnet.