Skip og skuter til Tysnesfest 2018

Statsraad Lehmkuhl

Tysnesfest-cruise med «Statsraad Lehmkuhl»!

Det kan ikkje bli enklare: Torsdag 12. Juli pakker du festivalsekken. Midt i hjarta av Bergen stig du om bord i majestetiske «Statsraad Lehmkuhl». Seilskuta tar deg trygt og godt gjennom nydeleg skjærgard heilt til Tysnes, der ho legg til kai midt i Våge sentrum. Derfra er det gongavstand til Gjerstad arena og alle dei flotte konsertane våre. Du søv om bord i seilskuta. Når festivalen er ferdig blir du frakta heilt tilbake til Bergen sentrum, der du sundag 15. juli stig i land full av minner for livet.

Dette er så sutalaust som det er mogleg å få det. Du slepp å tenkje på bil, ferjetider og parkering. Du slepp å kava med å finne overnatting. Du kan berre kose deg glugg i hel på Tysnesfest.

Skuta har begrensa med soveplasser, og me reknar med stor pågang. Du bør difor være snar med bestillinga di. Det er mogleg å bestille berre transporten til/frå Tysnes om du vil det. 

 

  • Det blir «silent camp» og ingen sjøslag på kveldstid om bord. Nattero etter kl. 23.00.
  • Aldersgrense for overnatting er 25 år
  • KUN 70 Kapasitet for overnatting—løp og kjøp. Merk at ein bur i hengekøye i fellesrom/banjer på verdas vakraste skute. Det er særs gode dusj og wc fasilitetar og det vert servert nydeleg frukostbuffet kvar dag.

For å bestilla cruise til/frå Tysnes går du inn på http://www.lehmkuhl.no/hjem/program/seiltokt-og-skjaergaardsturer/

«Statsraad Lehmkuhl» er ein tremasta stålbark bygd i 1914. Ho har i alle år fungert som skuleskip, og har nyleg vore gjennom ei omfattande modernisering med mellom anna nytt og moderne sanitæranlegg. Soveplassane for skutas gjester er i hengekøyer på banjeren.

PS: Skulle du vere ekstra sugen på festivalopplevingar sumaren 2018, kan du allereie no tinga plass på «Statsraad Lehmkuhls» tokt til Trænafestivalen. Avreise frå Bergen er 1. juli. Etter retur til Bergen går turen vidare til Tysnesfest.


Galeasen Loyal (UTSELT, venteliste)

Verdas eldste seglande Galease, Loyal vil òg gå som Tysnesfest-cruise. Loyal går frå Bergen onsdag 11. juli og returnerer søndag 15. juli. 
Loyal vart bygd som galeas i Rosendal i Hardanger i 1877 av Knut Johannessen Nes eller ”Gjøra-Knuten” som han vart kalla på folkemunne. Dette er samme mann som gjorde Hardangerjakten verdenskjent fordi han også bygde GJØA som Roald Amundsen tok gjennom nordvest passasjen.

Om du vil setja deg på venteliste kan du gå inn her: https://loyal.no/event/tysnes-fest/

 


MS Midthordland

MS Midthordland kjem til å gå i rute frå Os til Tysnesfest og i retur på natta. Det blir også bluescruise med skipet på laurdag 15. juli. Fleire detaljar kjem etterkvart. 

Du kan lesa meir om skipet her: https://www.facebook.com/midthordlandske.no/ 


MS Sunnhordland

MS Sunnhordland kjem til å liggja som crew- og artistlosjiskip under festivalen. Den kjem til Tysnes onsdag 11. juli, og reiser igjen søndag 15. juli. 

Du kan lesa meir om skipet her: https://www.facebook.com/mssunnhordland/