Søknad om stand på Tysnesfest 2017

Velkomen!

Tysnesfest 2017 har marknad i to dagar, og kvar utstillar stå begge dagane for å kunne delta med stand.

Standplassen på ferjekaien er no full. Påmeldingar skjer no for plass oppe ved Spar. (sjå kart) Prisane for eit stand på 3×3 meter er 1000 kr + mva. totalt for begge dagar.

Skal du ha plass utover dette er prisen kr 200 ekstra for kvar meter du nyttar.

Eigne reglar og prisar gjeld for matstands. Ta kontakt med iselinn@tysnesfest.no for meir info.

Treng du straum (16A) kjem det i tillegg på kr 200.

Opningstider:

Fredag 14. juli: Kl. 11.00 – 17.00

Laurdag 15. juli: kl. 11.00 – 17.00

Utstillar kan rigga standen sin frå kl. 08.00 fredagsmorgon. Det er ikkje moglegheit for å rigga opp før dette tidspunktet. Ein vil bli plassert når man kommer til markedet. Det er sjølvsagt mogleg å koma med ynskjer, men det er ingen garanti for at desse vert innfridd.

Overnatting:

Tysnesfest vonar at de kan stille med overnatting sjølve. Dusj- og toalett fasiliteter finnes like i nærleiken.

For meir informasjon ta kontakt med iselinn@tysnesfest.no

 

Standområde:

Utstillarreglar Tysnesfest.

  1. Utstillar får tildelt plass når dei kjem til standområdet. Opprigg av stand kan skje tidligst kl. 08.00 fredag 14. juli. Ein lyt vera klar i god tid til marknadsområde opnar kl. 11:00.
  2. Det er ikkje lov og stenga/rigga ned standen før marknaden er stengt på ettermiddagen laurdag kl. 17:00.
  3. Det er ikkje mogleg å reservere standplass, ein vert plassert etter kvart som ein kjem til stand området.
  4. Ved oppmøte vil utstillar få to billettband for marknadsdagen (laurdag), samt info om reglar, opningstider og festivalprogram.
  5. Tysnesfest stiller med nattevakter som går runder på området.
  6. Utstillar tar sjølv med det utstyret ein treng. Eksempel: telt, skøyteleidningar, stikkontaktar og stolar m.m.
  7. Grunna mykje folk og aktivitet i Våge er det viktig at all ferdsel skjer i samsvar med trafikkregulering. Det er berre lov med innkjøring av varer inntil 30 minutt før marknadsområdet opnar, og utkjøring 30 minutt etter stengetid.
  8. Alle som skal stilla med stand på Tysnesfest må betala på førehand via tilsendt lenke. Billetten må visas når ein kjem til festivalen. Anten i utskreven form eller pdf på mobil/nettbrett.
  9. Opp og nedrigg: Utstillar er sjølv ansvarleg for å sikre stand mot uvær og tjuveri. Tysnesfest tek ikkje ansvar for varer og stand. Stand må vera ferdig rigga til opningstid. Ved nedrigg er det utstillar sitt ansvar å fjerne all boss og utstyr som vert nytta, samt alle varer. Dersom det står utstyr igjen etter avsluttet marknad blir utstillar etterfakturert med 1000,- + mva.
  10. Dei standa som sel mat må vera godkjent av mattilsynet i bustadkommunen. Godkjenningsbeviset må takst med og visast ved eventuell inspeksjon.
  11. Alle som har gass/grill/elektriske omner eller frityr, må ha med eige, egna, slukkemiddel.
  12. Det er viktig at alle tar omsyn til andre utstillarar, det er derfor ikkje lov med høgtalar som kan forstyrre andre sine stand. Det er ikkje lov og gje ut vareprøver eller setje opp plakatar utanfor eige salsområde.

  • Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.