Påmelding til Ta Sjansen!

Ta sjansen, reglar for deltaking:

Skal Ta sjansen kunne bli gjennomført innafor naudsynte organisatoriske og trygge rammer, er arrangør heilt avhengig av at deltakarane i Ta sjansen held seg innanfor fylgjande reglar for deltaking:

  1. Tidtaking startar i det farkosten blir sleppt frå toppen av rampa og blir avsluttar i det deltakar ringjer i bjølla som er fastmontert på ei bøye i sjø.
  1. Farkosten: TEKNISKE KRAV
  • Farkosten skal vera satt i stand av deltakarane, eller andre som er tilknytt deltakarane.
  • Farkost mål:
    lengd:             maks 2,30 meter
    breidde:          maks 1,50 meter
    vekt:               maks 80 kg.
  • NB farkosten må vera rett/flat akter for ikkje å hekta seg fast i sklia
  • Farkosten skal vera utan nokon form for motor (dette gjeld også oppsamla energi på trykktankar eller anna form for oppsamla mekanisk energi) i det føremål å auka framdrifta på farkosten. Alle farkostar skal ha eit feste til karabinkrok godt synleg.
  • Farkosten skal halda seg flytande. – Farkosten skal være sikker. Husk at farkosten blir utsatt for stor kraft i det den treff vatnet (Isopor er ikkje tillete. Det blir millionar av isoporbitar å plukka opp frå sjø. «Jackofoam» osb er ok. Ved tvil, ta kontakt. Ha fokus på skarpe kantar).
  1. Deltakarar:
  • Maksimum 2 personar  i kvar farkost.
  • Alle deltakarar skal nytta hjelm – Alle deltakarar skal nytta flytevest eller annan form for godkjend flyteplagg
  1. All deltaking i Ta sjansen skjer på eige ansvar. 
  2. Det er ikkje lov til å reise seg før farkosten treff vatnet
  3. Ved mistanke om alkoholinntak blir deltakar nekta å delta
  4. Arrangør stiller med dykkarar og hjelpemannskap som til ein kvar tid er klar til å assistera deltakarane som treng livredning eller annan hjelp i vatnet.
  5. Farkosten skal bli inspisert og bli godkjend av arrangement sikkerhetsansvarlig personell før start. 
  6. Arrangør føreheld seg retten til å nekta farkostar å starta dersom overnemnde regler ikkje er overhalden.
  7. Påmeldingsfrist 1. juli 2019 på tysnesfest.no
  8. Skjema for ansvarsfråskriving må signeras av deltakar, eller føresett/forelder om deltakar er under 18 år.Premiering:
  • Raskaste båt: – Beste tid, frå farkosten blir sleppt i rampa til fyrste deltakar når fram til bjølla.
  • Fiaskopris: – til den farkosten som syt for den største fiaskoen.