PROGRAMMET ER KLART

Den fyrste sommarmånaden er her<3 Sommaren er jo Tysnesfest-tid, så no var det på tide å få ut heile programmet vårt!

I år har me sett saman eit program som er fullspekka med godbitar. Me vil idag presentera resultatet av ein haust, vinter og vår med planlegging og talknusing, men aller mest eit veldig kjekt arbeid som me er særs stolte av!

Tilbakemeldingane frå vårt fantastiske publikum viser at me har truffe spikeren på hovudet, for billettsalet går som det susar! 

Det er ikkje alle artistane på plakaten som har fått introduksjon enda, så her kjem ein liten introduksjon av dei siste ankomne: 


Novocaine: 

Novocaine frå Hordaland haustar for tida strålande tilbakemeldingar på liveshowet sitt, og dei spela nylig for eit fullsatt John Dee i Oslo som oppvarming for The Alarm (UK). Novocaine spelar ein form for alternativrock med melodiøse og ofte atmosfæriske låtar. Novocaine består av Sigbjørn Hovland, Trond K. Betten, Remi Sjo, Frode Hammersland og Øyvind Vevang.


Småsceneri

Årets program i Kjevikjo inneheld ikkje berre Helge Jordal sin framføring av Terje Vigen. I tillegg blir det Improteater.

Improteater kombinert med det innøvde – Velkomen til eit engasjerande sceneshow av Småsceneri!

Småsceneri presenterer teater med tematikk publikum kan kjenne seg att i. Det sceniske er faktiske hendingar frå andre sine liv, som me er så heldige å få låne. Resultatet er humor blanda med alvor, ja, tidvis teater til ettertanke.

Tema på Tysnesfest er familieferie, noko sommaren er ei høgtid for. Samspelet i relasjonane og dei faktiske situasjonane bygger på ein tilsendt historie, men det kunne like gjerne vore vår eigen familieferie! I tillegg blir det improteater til glede for all folket! Då takkar me djupt for innspel frå publikum. Kven veit kva som vil utarta seg på scenen i denne bolken? Småsceneri gler seg til å utfalda seg på ein scene som Tysnesfest! 


Bergen Fjellyoga

foto: Vetle Mikkelsen

Ta turen til Tysnessåto litt ekstra tidlig på føremiddagen før Skambankt-konserten på såtetoppen. Her kan du få pusten tilbake og samtidig ha ei fin oppleving etter å ha klatra dei mange hundre høgdemeterne opp til staden med Vestlandets finaste utsikt. «Vi skaper felleskap og glede. Vi gjør kunnskap om pust og bevegelse mer tilgjengelig. Vi bruker det vi har», skriv yogagjengen på si Facebook-side. Arrangementet er gratis og opent for alle. 


Smaksverkstedet

Smaksverkstedet spreier matglede og matkompetanse gjennom lærerike kurs og spanande aktivitetar. Under Tysnesfest 2019 held dei matkurs for born mellom 8 og 13 år, der ein får bli med å laga mat, leika med mat og ikkje minst eta maten. NB: Begrensa med plassar. 


Ottar Grepstad

Foto: Lars O. Flydal

”Om bord i Johannes Hegglands bøker” Forfattar, språk- og litteraturvitar og gamal passasjer på Sunnhordland Ottar Grepstad fortel om Johannes Heggland sine bøker.

Johannes Heggland ville i år fylt 100 år, og dette blir markert i månadsskifter juni/juli, men ein så stor forfattar som han fortjener å bli hylla fleire gonger!

Gjennom tjue år som leiar for Nynorsk kultursentrum har Ottar Grepstad vore den fremste talsmannen for nynorsk i det offentlege Noreg. Han har vore ein institusjonsbyggjar og ein nasjonal strateg for nynorsk skriftkultur. Til Tysnesfest kjem han torsdag 11. juli, og staden for hans forteljing er ombord på MS Sunnhordland til kais i Våge.


Brit Aksnes

Velkomen til eit hyggjeleg sjøslag! Brit Aksnes har gjeve ut debutboka Mannemenneske og får med seg sjølvaste Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe ombord M/F Sunnhordland for å diskutera mannsrolla.


Bodil Nordjore

Bodil Nordjore – kokebokforfattar og matkulturvernar, men kanskje aller mest kjend for dei fleste som ”Mentors Kone” i Farmen Kjendis det året Lothepus vann. Ho er og kjend for si deltaking i NRK-programma Kvelden før kvelden, Nitimen og Matlyst. Nordjore kjem til Tysnes Matgilde fredag 12. juli i tentipien på E-en


Kaptina og Festus

Kaptina og Festus tek med seg gitar og fyller Seladon med born som vil setja sjøbein. Avgong frå E-brygga fredag 12. juli klokka 12 og 15.