To 30 års jubilantar klare for Tysnesfest!

Begge banda er levande legender, og begge har herja hitlistene i 30 år! I 2020 var det ein sjølvsagt sak for oss å invitere CC Cowboys og Hellbillies til Tysnesfest!

Dei er levende legender i norsk rock, og endeleg har me klart å booke CC Cowboys til Tysnesfest igjen!

Det skulle vere nok å nevne låtar som «Vill, vakker & våt», «Tigergutt» og «Harry». CC Cowboys har dominert norsk rock med utallige kjempehits dei siste 30 åra.

Bandet blei stifta i Fredrikstad i 1990, og det første albumet hadde tittelen «Blodsbrødre». På Spelemannsprisen samme år blei CC Cowboys kåra til Årets nykommer.

Dei har heile tida vore garantistar for norsk rock av ypperste kvalitet, har oppnådd ei rekkje utmerkelser og hatt tusenvis av spelejobbar.

«CC Cowboys er eit band som har hatt en høg marsjfart – lenge. Me er ei klokke som står stille. Me går riktig to ganger i døgnet. Me definerer ingenting lengre. Me er ikkje den nye vinen. Me er eit av dei gamle banda som aldri gjev opp. Me er dei som bare fortset og fortset. Me er CC Cowboys» – Magnus Grønneberg.

Sommaren 2018 kom bandets ellevte studioalbum «Perfekt Normal», og der går bandet tilbake til røttene. Dei reindyrker det dynamiske og direkte uttrykket vi kjenner frå scena. Alburet er spelt inn meir eller mindre live i studio. Fleire av låtene blei slept som singlar, og er mykje spelt på norske radiostasjonar.

Bandet består i dag av Magnus Grønneberg, Jørn Christensen, Per Vestaby, Agne Sæther og Kyrre Fritzner. Grønneberg og Sæther har vore med heilt frå starten.

CC Cowboys gjesta Tysnesfest sist i 2012, og det er ei sann glede å ønske dei velkommen tilbake til Gjerstad arena fredag 10. juli.


Det er berre to år sidan dei var her sist, men Hellbillies og Tysnesfest er perfekt match og sidan dei i 2020 skal feira 30 års jubileum var det ganske sjølvsagt at me skulle invitera dei tilbake i jubileumsåret!

Hellbillies er er eit av landets aller beste liveband, og dei har dominert hitlistane i Noreg sidan den forsiktige starten i 1990.

Monsterhiten «Den finaste eg veit» har over 25 millionar strøymingar på Spotify. Men det er ikkje den einaste låten dei er kjende for. «Ei krasafaren steinbu», «20 år på vegen», «Råka tå ei pil» og «Mørkemann» har alle vore høgt oppe på hitlistane og massivt spelt på radio.

I 2016 sleppte dei sitt foreløpig siste album, «Søvnlaus». Hellbillies har gitt ut ti studioalbum og fire konsertplater i tillegg til eit samlealbum. Dei fleste har solgt til gull eller platina. Bandet har vunnet tre spelemannsprisar, og blei mellom anna kåra til Årets spellemann i 2007.

Hellbillies består i dag av Aslag Haugen, Lars Håvard Haugen, Bjørn Gunnar Sando, Lars Christian Narum og Egil Stemkens.

Hellbillies speler på Gjerstad arena torsdag 9. juli.