HJERTESLAG

Hjerteslag er Tysnesfest sin såteartist i 2020! Men ikke berre skal dei spela der,dei skal og avslutta torsdagskvelden på Gjerstad!

Hjerteslag er punkarar som spelar pop. Eller poparar som spelar punk? Iallefall er dei tøffare enn toget, og dei rir på ei enorm popularitetsbølge som gjev dei heltestatus i sin eigen by, og no ser det ut til at det ikkje berre er bergensarane som ser opp til karane i Hjerteslag! Dei tek landet med storm!

I 2019 avslutta dei Bergenfest til ein stemning som vanskeleg kan beskrivast. Dei speler for fulle hus på store klubbar, og på USF Verftet siste helga i november måtte dei setja opp ein ekstrakonsert for å få plass til alle som ville ha billett! 

Torsdag 9. juli 2020 kjem dei til Tysnesfest! Fyrst på dagen kan du oppleva dei akustisk og nedstrippa på Tysnessåto, og seinare skal dei avslutta torsdagen på Gjerstad med fullt trøkk og masse feite lys og show!

Bandet har røter i Bergen, men har sidan 2011 etablert seg som eit rockeband for heile landet. Hjerteslag, som består av Robert Eidevik, Nokolas Jon Aarland, Ola Andre Hjelmås, Torjus Raknes og Petter Sætre, blei i 2016 nominert til Spellemannsprisen i klassen Rock med albumet Vannmann86. Albumet blei unisont hylla av eit samla norsk pressekorps og med «Sang til Sonja» dominerte dei norske radiobølger i lange tider. 

Deiras tredje album, Nattseileren har blitt hylla av pressa.
Karrierens sterkeste – Aftenposten, 5/6
Rocken blir ikke bedre i 2018 – Dagsavisen, 5/6
Hjerteslag leverer rock fra øverste hylle – Gaffa, 5/6

“Nattseileren er historiene om bohemer og livsbejaende punkere fra skyggesiden. Det er et
musikkalbum som tar tak i det alternative tankegodset til den norske middelklasse-befolkningen og
hvordan vi må jobbe med arven fra vår engstelige foreldregenerasjon, og oppleve hvordan den har
smittet over på oss.” – Robert Eidevik, vokalist og låtskrivar.