Påmeldinga til Ta Sjansen er åpen!

Bygg båt, meld deg på, og bli med å kjempe om heider og ære!

Ta sjansen var som mange hugsar ein svært populær sommaraktivitet som føregjekk i Besserudtjernet, Holmenkollen. Det byrjar nok å bli fleire og fleire som ikkje hugsar Ta Sjansen frå Holmenkollen, men som heller har eit forhold til Ta Sjansen under Tysnesfest. Me har nemlig sidan 2015 arrangert dette arrangementet som er blitt ein flott og populær tradisjon. Det er om å gjera å konstruera ein fantasifull farkost/båt som skal finna raskaste vegen frå rampa og ut til staken for å ringja i bjølla. Dette er eit kjempeshow som tusenvis av publikummarar har fått med seg gjennom åra.

Finn fram hammar, spiker og ei bøtte med kreativitet og lag deg ein spanande farkost som kan gje deg og publikum ein kjempeopplevelse under Tysnesfest 2020

Påmelding for deltakarar: https://tysnesfest.no/ta-sjansen/