Discokongane kjem til Tysnesfest!

Det blir skyhøg discofaktor når sjølvaste Village People kjem til Gjerstad arena. It’s fun to stay at the Y-M-C-A!

Village People er eit av verdas mest ikoniske band, og musikken deira er ein viktig del av den internasjonale songboka. Det er nok å nevne superhits som «YMCA», «In the navy» og «Go west». Dei to førstnemnde lå begge nesten eit halvt år på VG-lista.

Den amerikanske gruppa blei starta allereie i 1977 og hadde utspring i det homofile miljøet i New York. Den fengande musikken blei raskt oppdaga utanfor homsemiljøet. Bandet har i dag solgt meir enn 100 millionar album, og set framleis nye rekordar. I tillegg har bandets hits vore med i fleire titals filmer.

Frontfigur frå starten var Victor Willis. Han forlot Village People i 1979, men gjorde comeback då dei dro ut på ein lengre turne i samband med 40-årsjubileumet i 2017.

Village People er kjend for sine fargerike kostymer og lett dansbare musikk. Dei held framleis koken, og slapp i 2019 juleplata «Magical Christmas. Samme år var dei og på ein omfattande verdsturne der dei mellom anna spelte på Wembley arena og hadde fem utselde hus i Amsterdam. I 2020 skal dei ut på vegen igjen, og konserten på Tysnesfest er den einaste som er booka i på Vestlandet.

Village People speler på Gjerstad arena laurdag 11. juli.