JASON DERULO til Tysnesfest 2020

Verdsstjerna med meir enn 50 millionar selte album, og milliardar av streams og visningar digitalt kjem til Tysnesfest!

Den amerikanske verdsstjerna Jason Derulo kjem til Norge for å spela ein av svært få konsertar i Europa under Tysnesfest 2020! Laurdagen er allereie full av godbitar, men dette er nok toppen av kransekaka for mange! Dette blir ein heidundrande fin kveld som det er all grunn til å sjå fram til!

Førre tiår gav stor suksess til den amerikanske superstjerna Jason Derulo, som starta sin solokarriere i 2009. Han er no ein av dei mest populære artistane i verda, med monsterhits som Swalla [feat. Nicki Minaj & Ty Dolla $ign], Goodbye, Whatcha say, Want to want me, Trumpets og Talk Dirty [feat. 2 Chainz]. Hans fyrste singel Whatcha Say blei den mest spreidde radiosingelen i amerikansk historie. Hitmakaren sleppte fortløpande Riding Solo, In My Head, Wiggle [feat. Snoop Dogg] og Want to Want Me som alle nådde topp 5 på Billboardlistene.

Jason Derulo starta sin musikalske karriere som låtskrivar for Lil Wayne, Pitbull, Diddy med fleire, og har sidan han byrja å gje ut eigne låtar selt meir enn 50 millionar singlar, og har fleire milliardar avspelingar og streams digitalt.

Jason skal gjere svært få konsertar i Europa i 2020, men du kan oppleva han på Tysnesfest laurdag 11. juli! 

Kjøp billettar her.