Tysnesfest 2020 er dessverre avlyst

Det er med stort vemod me no innser at me blir nøydd til å avlysa Tysnesfest 2020! 

Me har i det lengste håpa at festivalen skulle kunna gjennomførast, men etter retningslinjene frå myndigheitene, og med uvissa som rår i befolkninga, ser me no at dette er vårt einaste alternativ. 

Me håpar verkeleg at situasjonen har endra seg til det betre i juli, men samtidig ser me at det å ta imot tusenvis av menneske – opp til 7000 samtidig, ikkje er i samsvar med jobben som blir gjort for å hindra coronaviruset sine herjingar. 

Me vil få nytta høvet til å beklaga på det djupaste til alle som har gleda seg til å oppleva Tysnesfest både for fyrste, andre, tredje og kanskje til og med fjortande gong! Tidenes lineup med Jason Derulo øvst på plakaten, Døds Challenge Tysnes, Ta Sjansen, Hjerteslag på Såto, Tysnesfest UNG, fantastiske marknadsdagar.. Nei, dette gjer berre vondt på alle måtar, både for oss og alle rundt oss. 

Me har dei siste vekene jobba med å flytta så mange som mogleg av årets artistar til 2021, og har fått positive svar frå mange allereie! Me kjem tilbake med meir info så snart me kan.

Det er ingen tvil om at avlysinga vil medføra store økonomiske konsekvensar – ikkje berre for oss, men for artistar, leverandørar, butikkeigarar, grunneigarar, lag, organisasjonar og Tysnes-samfunnet generelt. Me kryssar fingrane for at alle klarar seg gjennom denne krisa. Hugs å bruka lokalbutikken din!

Alle som har kjøpt billett gjennom Ticketco vil bli kontakta om moglegheiter for refundering av billett. På grunn av enorm pågang vil det kunna ta litt tid før alle er blitt kontakta. Ber om forståing for dette.Det vil og vere moglegheiter å bytte billetten din inn i billett til neste års festival.

Stiftinga Tysnesfest har mykje faste utgifter gjennom året sjølv om festivalen blir avlyst, så dersom du ynskjer å bli med på spleiselaget og sikra ein mangfaldig festival til neste år, blir me blir me umåteleg glade for bidrag via Vipps <3 Vipps nr: 79574

 Me ser verkeleg fram til å ta imot deg i 2021, då me kjem endå sterkare tilbake, med ein heilt nyoppussa Gjerstad Arena! Set av datoane 7. – 11. juli 2021!