car.pool tek med seg ungdommeleg speleglede, iver og ikkje minst svært gode ferdigheiter!
Dei vart kåra til Vestlandssatsinga 2020, men når Corona sette ein stoppar for deiras konsert i år nølte me ikkje med å invitera dei til oss i 2021! Dei har heldigvis takka ja 😉
car.pool plugga i utstyret, sparka i gang festen -og serverte ein gloheit konsert utan eit einaste keisamt sekund. Ungdommeleg energi og speleglede. Modne ferdigheter, og rå teft for å smi fram über-catchy låtar. Og på toppen ligg Ida Sofie Laland sin ville powerpop-vokal. Guts og sjarm er skrudd til max. car.pool er ein herleg eksplosjon av 80-talls pop og moderne rock. Best servert live. For denne gjengen må ikkje berre høyrast, den må dansast med.
Vestlandssatsinga, med sitt utspring i 100 Dagar, er eit fantastisk talentbyggingsprosjekt. Her samlast ein haug seriøse arrangørar seg rundt eit band ein ønsker å gi eit karriereløft. Desse festivalane tilbyr totalt sett enormt viktig erfaring frå festivalspeling, turnering, planlegging og økonomistyring. Og bidreg med eit trailerlass merksemd. CV-pimping delux! Og ikkje minst; dei får vist seg for eit svært og breitt publikum sommaren igjennom. Ta car.pool godt imot, dei kjem nemleg for å bli.
Med på Vestlandssatsinga 2020 er heiderlege: Malakoff, Musikkfest Stavanger, Utkant, Folk og fjord, Tysnesfest, Mablis, Festidalen, Bygdalarm, Skånevik Bluesfestival, OmStock, Fest i Vest, Den Festivalen i Vangen og Vikedal Roots Music Festival.
Tidlegare vinnarar er t.d. Kriminell Kunst, Silja Sol, Yuma Sun og I am K.
her er et kort klipp fra en musikkvideo vi lagde tidligere i år. takk til SØRF og Cultiva Ekspress som gjør prosjekter som dette mulig. 📽: Arild Bødalencar.pool surfer rundt i studio og spiller inn musikk i disse dager. gleder oss til å dele med dere ved en passende anledning :`) tut og kjør (kollektivt) 🚗.
Publisert av car.pool Fredag 11. oktober 2019