Laurdagsavslutninga i 2021 er TIX

TIX har bana veg for ein heilt ny musikksjanger som blir meir og meir annerkjent. Du kan oppleva han på Tysnesfest 2021!

Han var fyrste artisten me lanserte til Tysnesfest 2020, og det er svært kjekt å kunna fortelja at han har ombooka kalenderen sin til å matcha vår og du kan oppleva han på Tysnesfest 2021!

Andreas valgte artistnamnet TIX fordi han har diagnosen Tourettes Syndrom. Som han sjølv seier: «TIX ble kallenavnet mitt på ungdomsskolen fordi folk la merke til ticsene mine. Jeg tok eierskap over navnet og brukte det som artistnavn.»

TIX er mannen bak superhits som «Sweet but psycho» (Ava Max) og «Game Time» (Flo Rida) i tillegg til alle hitsa han speler sjølv.

Gled deg til å oppleva han laurdag 10. juli 2021!