Det blir skyhøg discofaktor når sjølvaste Village People kjem til Gjerstad arena. It’s fun to stay at the Y-M-C-A!
Me frykta lenge at kongebookinga av Village People skulle gå i vasken når me måtte avlysa Tysnesfest 2020, men det er svært kjekt å spanande å kunna fortelja at dei har blitt med på snuoperasjonen og er no bekrefta til Tysnesfest 2021 <3
Den amerikanske gruppa blei starta allereie i 1977 og hadde utspring i det homofile miljøet i New York. Den fengande musikken blei raskt oppdaga utanfor homsemiljøet. Bandet har i dag solgt meir enn 100 millionar album, og set framleis nye rekordar. I tillegg har bandets hits vore med i fleire titals filmer.04
Frontfigur frå starten var Victor Willis. Han forlot Village People i 1979, men gjorde comeback då dei dro ut på ein lengre turne i samband med 40-årsjubileumet i 2017.
Village People er kjend for sine fargerike kostymer og lett dansbare musikk. Dei held framleis koken, og slapp i 2019 juleplata «Magical Christmas. Samme år var dei og på ein omfattande verdsturne der dei mellom anna spelte på Wembley arena og hadde fem utselde hus i Amsterdam.
Village People speler på Gjerstad arena laurdag 11. juli.