Julemagi i Tysneshallen

Tysnesfest og Tysnes Musikklag inviterer til Julemagi i Tysneshallen med Helene Bøksle og André Eide!

Tysnesfest har lenge hatt ein draum om å arrangera julekonsert i Tysneshallen. Derfor var det svært kjekt når Tysnes Musikklag ville vera med på dette, og ikkje minst når Helene Bøksle takka ja til å koma og spre juleglede i begynnelsen av adventstida. 

Helene Bøksle er ein av landets største juleartistar, og trekk kvart år tusenvis av publikummarar til sine årlege konsertar. For veldig mange er Helene sine julekonsertar blitt ein fast førjulstradisjon, med ein intim og høytidsstemt atmosfære. Høytidsfølelsen vil hjå oss i Tysneshallen bli tatt til nye høgder med heile det fantastiske Tysnes Musikklag med på laget. André Eide blir med som Helene sin pianist, og kanskje me får høyre hans fantastiske versjon av «Tre nøtter til askepott-sangen». 

Billettar kan du kjøpa her!