Tysnesfest -isj

Me orka ikkje enda eit år heilt utan festival, så me køyrer på med ein minivariant i sommar!

Det er svært kjekt å kunna letta litt på sløret og fortelja kva våre planar for sommaren er! Her blir det mykje kjekt for store og små, men i ein mindre variant enn me er vane med sjølvsagt!

Konsertar på E-brygga torsdag, fredag og laurdag, bluescruise på Bjørnefjorden, Døds Challenge og kanskje til og med såtekonsert! 

Set av dagane 8. 9. og 10. juli! 

Me gjer alt me kan for å oppretthalda godt smittevern, og det vil berre bli lagt ut 200(!) billettar til kvar konsertdag!

Følg med dei to neste vekene, og vær klar til billettslepp 10. juni klokka 10.00! 

Velkommen til Tysnesfest-ish 😉