car.pool til Tysnesfest-isj

car.pool, Vestlandssatsinga 2020!

Dei vart kåra til Vestlandssatsinga 2020, men når Corona sette ein stoppar for deiras konsert i år nølte me ikkje med å invitera dei til oss i 2021! Tysnesfest 2021 blei og avlyst, men car.pool er eit så bra up-and-coming band at når me bestemte oss for å laga Tysnesfest-isj var det sjølvsagt å spørje dei igjen! Heligvis var dei like sugne på å spele som me var på å arrangera, så fredag 9. juli opnar dei fredagskvelden med ei bombe av ungdommeleg energi!

Kjappe discobeats og indierock, med eit lydbilde og sceneshow som kan beskrivast som det beste sparket i magen du har fått på lang tid! Ein konsert med car.pool er smekkfull av ear-candy, highkicks, høg gitar, og alt toppast med ein tilsynelatande begrensningslaus powerpop-vokal.

car.pool kjem til Tysnesfest-isj med sine fargerike antrekk og sin energiske utstråling og utfordrer deg til å gjere det same. Fingrar kryssast for fint vær, men god stemning er garantert!