Eg seie bare så du vett det. Me har så sinnsykt sansen for … Stavangerkameratene!

Har du sansen for dei du og? Då bør du prøva å skaffa deg billett til torsdag 8. juli under Tysnesfest-isj!

Kjartan Salvesen, Tommy Fredvang, Glenn Lyse og Ole Alexander Mæland er kvartetten som utgjer Stavangerkameratene. Tysnesfest-isj får besøk av gjengen frå Stavanger, og så lenge du held avstand til naboen kan du snart du synga med på hits som “Bare så du vett det”, “Vil du shalala” og “Vekk meg opp” når dei runga over E-brygga i Våge.

Det unike samarbeidet “Stavangerkameratene” oppstod i Stavanger sommaren 2015 då Kjartan, Tommy, Glenn og Ole Alexander skulle opptre på opninga av Volleyball-VM. I det dei gjekk på scena sa konfransier Stian Blipp: “Det er litt fristende å kalle dei Stavangerkameratene” og etter det har navnet blitt hengande ved dei. “Me har mykje sjølvironi, så det er berre deilig når det blir litt halvkleint, dessutan er det ikkje kvar dag ein blir døypt av sjølvaste Stian Blipp” Seier Tommy Fredvang.

Gled deg til ein fantastisk kjekk torsdag 8. juli 2021!